mandag 8. februar 2010

Mange moglegheiter

- Dette er resultatet mitt på ei omsetjingsoppgåve der vi skulle omsetje eit tidlegare blogginnlegg. Eg valde dette innlegget.

Det er fleire måtar å bruke ein blogg på, og sidan dette er ein skuleblogg, er nokre innlegg obligatoriske, medan andre ikkje er det. Ein kan sjølv velje kor mykje ein vil gjere ut av det å blogge, og korleis ein vil bruke han. I denne bloggen kan eg velje å berre skrive dei blogginnlegga som er i lekse, eller å skrive andre innlegg av eiga fri vilje. Du kan nytte sjansen til å bli betre til å skrive, til å få ned tankane, refleksjonane og tolkingane dine i høve til ulike tema. Du kan velje å bruke skulebloggen som ei arena kor du samlar alt på ein stad, og kor andre folk kan kommentere. Du kan lære mykje av å blogge. Du kan skrive på nynorsk og dermed bli betre til det, du kan si di meining om ei sak i nyheitene og oppfordre andre om å kommentere og si deira meining, eller du kan bruke bloggen som ei ”loggbok” i norskfaget kor du med jamne mellomrom oppdaterer statusen på til dømes særoppgåva di. Ved å gjere dette kan du sjølv få litt meir oversikt over korleis du ligg an, andre kan sjå korleis du arbeider og lære av det, og du har ein enda betre moglegheit til seinare å sjå korleis prosessen med oppgåva var. Ein blogg er jo ei slags dagbok, ikkje sant! Moglegheitene ein skuleblogg gir, er mange. Og same kor mykje eller lite, ofte eller sjeldan ein skriv, så blir ein i alle fall ikkje dårlegare av det!

(…)

Ingvild

1 kommentar:

  1. Ingvild! Hva er den andre bloggen din? Den ikke-skole-bloggen?:p

    SvarSlett