søndag 1. november 2009

Problem under debatt!

image  
Denne veka har vi fått i bloggoppgåve å skrive litt om “det moderne gjennombrotet” på 1870-talet og det at forfattarane begynte å sette problem under debatt. I Norden, mellom anna, var forfattarar som Henrik Ibsen, Amalie Skram, Bjørnstjerne Bjørnson og August Strindberg ivrige og skreiv om tema dei mente var viktige å få meir fokus på i samfunnet.

Det var Georg Brandes dei alle vart inspirerte av, også dramatikaren Henrik Ibsen. Han skreiv i 1879 det berømte stykket “Et dukkehjem” der han sette fokus på kvinna sine rettar og fridomens moglegheiter. På denne tida var det mykje diskriminering av kvinner og forskjellsbehandling, og det var noko Ibsen prøvde å gjere noko med. Han skreiv òg om andre tabubelagde tema slik som fattigdom og dødshjelp. Du kan lese meir om Henrik Ibsen og hans virke på wiki-sida vår eller i læreboka Spenn vg3 på s. 35-39.

Ein annan kjent nordmann på denne tida var Bjørnstjerne Bjørnson. Han var ein ivrig og dominerande debattant, som mellom anna skreiv om økonomisk svindel og religionskritikk. Bjørnson skreiv i mange ulike sjangrar; ikkje bare romanar, men òg avisartiklar, brev, talar og dikt der han nådde ut med sine bodskap. Hans tekstar var derfor veldig tilgjengelege for folk flest, og det trur eg er årsaka til at han vart så dominerande.

Amalie Skram var ei anna ei som òg hadde mykje på hjartet. I likskap med Ibsen sette ho fokus på kvinner, ekteskap og sjølvmord, men skreiv òg om seksualitet og kjærleikens føresetnad. Skram var naturalist og brukte litteraturen som eit vitskapeleg eksperiment der ho lagde situasjonar ho skulle finne ut meir om. Skildringane hennar var veldig detaljerte og dokumenterande, og dialogane verkelegheitsnære. Ironi var eit anna verkemiddel ho brukte for å få bodskapen i tekstane.

Svenske August Strindberg var ein kulturelt og politisk engasjert mann. Han skreiv òg i dei fleste sjangrar og fokuserte mykje på menneskas handlingar og åtferd. I sitt mest kjente stykke “Fröken Julie” (1888), skreiv han om dette og om kvifor hovudpersonen gjer som ho gjer. Strindberg tok mellom anna opp tema som sjølvmord, skyld, angst og liding.

Til slutt vil eg nemne nokon andre viktige, nordiske debattantar i “det moderne gjennombrotet”; Jonas Lie, Alexander Kielland og Christian Krohg.


Kjelder:
Spenn for Vg3, lærebok i norsk (Jomisko m.fl., Cappelen 2008), s. 32-48
Illustrasjon: Statue av Bjørnstjerne Bjørnson på Nationalteatret, hentet fra FlickrCC

2 kommentarer:

  1. Hei Ingvild!
    Tusen takk!
    Bildet er tatt med 30 sek lukkertid mens jeg løp rundt med mobilen som lager det blå lyset, og en venninne hadde lommelykt til å lyse opp trærne med :-)

    SvarSlett
  2. Kven av desse forfatterane meiner du har hatt mest å seie i forhold til forminga av samfunnet? Kvifor?
    Eg likar skrivestilen din; skriv du skjønnlitterært òg?

    SvarSlett