Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg

søndag 7. mars 2010

Boktips; Skammarens Dotter

Eg har alltid vore veldig glad i fantasy, og for fleire år sidan leste eg ein serie skriven av Lene Kaaberbøl som eg vart heilt oppslukt i. Dette er ein serie eg framleis vil seie er ein av mine favorittar. Den fantastiske opplevinga eg fekk og hadde medan eg las dei, er og var noko for seg sjølv!

Det er fire bøker i serien og dei er alle omsett frå dansk til nynorsk av Øystein Rosse. Dei handlar om Dina og hennar familie som lever i mellomalderen i Høglandet, som møter på ulike utfordringar og eventyr i liva deira. Kvar av dei fire bøkene har eitt eige tema som er avsluttande, men det er òg mykje som går vidare i dei, slik som i bøkene om Harry Potter.

I den fyrste boka (Skammarens Dotter) blir vi kjend med Dina, hennar to sysken og mor deira som har ein spesiell eigenskap. Ho kan, ved å stire inn i auga til folk, få dei til å hugse alt det gale dei har gjort og dermed til å skamme seg og å tilstå. Denne eigenskåpa gjer at ho vert frykta av folket. Ingen tør å sjå ho inn i auga. I starten av fyrste boka finn Dina ut at ho har arva denne eigenskåpa frå mora. Dina er rundt 12 år, og har ingen vener som følgje av krafta til auga hennar. Med denne krafta samarbeider dei om å kjempe mot det vondskapsfulle i verda deira; mellom anna mot Drakan – ein frykta herskar, som ikkje skammar seg over noko av alt det gale han har gjort mot folket...

Målgruppa til denne serien trur eg eigentleg er ungdom mellom 12 og 14 år, men likevel trur eg nok at eldre ungdom også vil like desse bøkene. Eg ynskjer i alle fall å lese dei ein gong til! Skildringane er så utruleg gode, og eg har framleis mange bilete i hovudet mitt som eg laga medan eg las dei. Denne verda dei lever i er så utruleg spanande. Heile atmosfæren og stemninga er så.. så godt skildra! Du blir godt kjend med både personar og miljø, noko som gjer at berre må følgje dei vidare. Bøkene er òg bygd opp på ein god måte, og det er ikkje mykje unødig fjas med. Det likar eg :)

Så. Visst du likar fantasy med drakar, krig og uvanlege eigenskapar (som du sjølvsagt skulle ynskje at du hadde sjølv), så er dette absolutt ein serie du burde få med deg!! :D

Viss du ynskjer å lese meir om desse bøkene, kan du sjå på Nynorskbok.no eller Barnebokkritikk.no sine omtalar.

Ingvild

Kjelder
Bilete er henta frå: http://www.nynorskbok.no/category/fantastisklitteratur/ [07.03.10]

mandag 8. februar 2010

Mange moglegheiter

- Dette er resultatet mitt på ei omsetjingsoppgåve der vi skulle omsetje eit tidlegare blogginnlegg. Eg valde dette innlegget.

Det er fleire måtar å bruke ein blogg på, og sidan dette er ein skuleblogg, er nokre innlegg obligatoriske, medan andre ikkje er det. Ein kan sjølv velje kor mykje ein vil gjere ut av det å blogge, og korleis ein vil bruke han. I denne bloggen kan eg velje å berre skrive dei blogginnlegga som er i lekse, eller å skrive andre innlegg av eiga fri vilje. Du kan nytte sjansen til å bli betre til å skrive, til å få ned tankane, refleksjonane og tolkingane dine i høve til ulike tema. Du kan velje å bruke skulebloggen som ei arena kor du samlar alt på ein stad, og kor andre folk kan kommentere. Du kan lære mykje av å blogge. Du kan skrive på nynorsk og dermed bli betre til det, du kan si di meining om ei sak i nyheitene og oppfordre andre om å kommentere og si deira meining, eller du kan bruke bloggen som ei ”loggbok” i norskfaget kor du med jamne mellomrom oppdaterer statusen på til dømes særoppgåva di. Ved å gjere dette kan du sjølv få litt meir oversikt over korleis du ligg an, andre kan sjå korleis du arbeider og lære av det, og du har ein enda betre moglegheit til seinare å sjå korleis prosessen med oppgåva var. Ein blogg er jo ei slags dagbok, ikkje sant! Moglegheitene ein skuleblogg gir, er mange. Og same kor mykje eller lite, ofte eller sjeldan ein skriv, så blir ein i alle fall ikkje dårlegare av det!

(…)

Ingvild

søndag 1. november 2009

Problem under debatt!

image  
Denne veka har vi fått i bloggoppgåve å skrive litt om “det moderne gjennombrotet” på 1870-talet og det at forfattarane begynte å sette problem under debatt. I Norden, mellom anna, var forfattarar som Henrik Ibsen, Amalie Skram, Bjørnstjerne Bjørnson og August Strindberg ivrige og skreiv om tema dei mente var viktige å få meir fokus på i samfunnet.

Det var Georg Brandes dei alle vart inspirerte av, også dramatikaren Henrik Ibsen. Han skreiv i 1879 det berømte stykket “Et dukkehjem” der han sette fokus på kvinna sine rettar og fridomens moglegheiter. På denne tida var det mykje diskriminering av kvinner og forskjellsbehandling, og det var noko Ibsen prøvde å gjere noko med. Han skreiv òg om andre tabubelagde tema slik som fattigdom og dødshjelp. Du kan lese meir om Henrik Ibsen og hans virke på wiki-sida vår eller i læreboka Spenn vg3 på s. 35-39.

Ein annan kjent nordmann på denne tida var Bjørnstjerne Bjørnson. Han var ein ivrig og dominerande debattant, som mellom anna skreiv om økonomisk svindel og religionskritikk. Bjørnson skreiv i mange ulike sjangrar; ikkje bare romanar, men òg avisartiklar, brev, talar og dikt der han nådde ut med sine bodskap. Hans tekstar var derfor veldig tilgjengelege for folk flest, og det trur eg er årsaka til at han vart så dominerande.

Amalie Skram var ei anna ei som òg hadde mykje på hjartet. I likskap med Ibsen sette ho fokus på kvinner, ekteskap og sjølvmord, men skreiv òg om seksualitet og kjærleikens føresetnad. Skram var naturalist og brukte litteraturen som eit vitskapeleg eksperiment der ho lagde situasjonar ho skulle finne ut meir om. Skildringane hennar var veldig detaljerte og dokumenterande, og dialogane verkelegheitsnære. Ironi var eit anna verkemiddel ho brukte for å få bodskapen i tekstane.

Svenske August Strindberg var ein kulturelt og politisk engasjert mann. Han skreiv òg i dei fleste sjangrar og fokuserte mykje på menneskas handlingar og åtferd. I sitt mest kjente stykke “Fröken Julie” (1888), skreiv han om dette og om kvifor hovudpersonen gjer som ho gjer. Strindberg tok mellom anna opp tema som sjølvmord, skyld, angst og liding.

Til slutt vil eg nemne nokon andre viktige, nordiske debattantar i “det moderne gjennombrotet”; Jonas Lie, Alexander Kielland og Christian Krohg.


Kjelder:
Spenn for Vg3, lærebok i norsk (Jomisko m.fl., Cappelen 2008), s. 32-48
Illustrasjon: Statue av Bjørnstjerne Bjørnson på Nationalteatret, hentet fra FlickrCC

mandag 31. august 2009

Tolkning av ‘Matt. 18.20’

Sist veke las vi novella "Matt. 18.20" i norskklassa. Ho vart skreven av Tor Åge Bringsverd, ein norsk forfattar frå Skien, født i 1939. Novella vart utgitt i samlinga 'Rundt solen i ring' i 1967, som reknes som Bringsverds debut. Novella handlar om ein mørkhuda mann som kjem inn i ei kvit kyrkje under ei gudsteneste, og som etter mykje styr blir kasta ut av kyrkjetenaren. Den mørkhuda verken sa eller gjorde noko i mot.

Novella er skreven på bokmål i tredjeperson og i nåtid. Det er ein sterk novelle med mange gode skildringar og replikkar, og eg trur ikkje ein kan unngå og synes synd på den mørkhuda mannen. Verkemiddel som blir brukt er mellom anna metaforar, til dømes kallar dei det ein "forhekselse"/ forheksing at alle vart stille når den mørkhuda kom inn. Oppattaking er også et verkemiddel i novella. Fleire av menneskjene i kyrkja forsett å tale nedlatande ovanfor den mørke mannen, og gjer uhyggelege ting mot han. Dei slår, spyttar, kallar han for ein svart 'gærning' og 'dumming' og har mange fordommar mot han. "Negeren var fortsatt taus, men øynene var blanke av tårer". Eg følte verkeleg at vart litt irritert når eg las det, ikkje på grunn av negeren, men på grunn av korleis dei andre oppførte seg mot han. Eit utdrag frå Bibelen (Matt. 18.20) er eit anna verkemiddel.

imageEin viktig tråd ein kan trekke til novella er Bibelen og Jesus. Fordi den mørkhuda i novella nettopp er Jesus! Og det veit ikkje kyrkjefolket. Viss dei hadde gjort det, hadde dei oppført deg heilt annleis. Det er i alle fall ein måte å tolke novella på. Det er ulike skildringar som tyder på at han er Jesus, men ein forstår det eigentleg ikkje før heilt mot slutten av novella. Det er det som er vendepunktet. Siste setning seier; "Han hadde et dypt sår i hver håndflate - som om noen hadde moret seg med å drive nagler gjennom dem. Stakkars jævel!".

Eg trur temaet i novella er diskriminering, for det er noko som har vore like vanleg før som no. Jesus vart på ein måte diskriminert han og?! Ein kan trekke mange trådar, til dømes vart Martin Luther King også diskriminert på grunn av hudfarga, slik som mannen i denne novella. 'Matt. 18.20' illustrerer for meg korleis samfunnet kan vere, korleis det er og korleis det har vore. Kan ein unngå det?

Eg likte novella veldig godt, men synst det har vore litt vanskeleg å tolke og skrive om ho. Ein kan lese mykje mellom linjene, og det er ikkje alltid ein klarer det.

Ingvild

Foto: Tearsandrain på Flickr