tirsdag 25. mai 2010

Snart slutt, berre eksamenane att..

IMGP4617crop Ja, no er det ikkje lenge att av dette skuleåret og av mi trettenårige skulegang. Litt merkeleg å tenkje på i grunn?! Eg er allereie ferdig med eksamen i hovudmål, og har sidemål og spansk att + ein munnleg ein. Difor tenkte eg at å skrive dette innlegget på nynorsk var ein lur ide, fordi eg treng å øve litt meir før fredagen. I tillegg held eg på å lese ei bok av Ragnar Hovland som heiter Mercedes, skriven på nynorsk, slik at eg skal få litt meir “nynorsk-input”. Tidlegare i år las eg også 1964 av han, og ho likte eg veldig godt – så Ragnar Hovland kan eg anbefale dykk. Han skriv mykje om tida rundt 1960-talet og det å bu på bygda på Vestlandet og dei (kvardags)problema som måtte dukke opp. Det likar eg.

Den siste tida har eg tenkt noko på det eg trur eg kjem til å sakne med vidaregåande og med Sandvika, og eg har funne ut at lærarane er nokon av dei eg vil sakne. Dei er så hyggelege alle saman! Og Ingrid, bibliotekaren på skulen! Sjølvsagt vil eg òg sakne dei andre elevane, men dei er det enklare å halde kontakta med i framtida. Eg vil nok sakne sjølve bygningen, klasseromma, kantina og glassgata òg. Ikkje spør kvifor.

Likevel så gler eg meg til å bli ferdig. Ferdig med alle eksamenane og med skuletida. Det skal bli kjekt med ein ordentleg ferie, for så å starte på Voss folkehøgskule. Eg ser verkeleg fram til eit år der, med film og foto som linjefag. Eit år eg mellom anna skal bruke på å tenkje ut kva eg vil gjere vidare, kva eg ønskjer å studere. Det er jo så mykje ein kan studere no, men eg trur nok at eg kjem til å bli værande i Noreg, sjølv om Spania freistar. Det hadde jo vore kjekt å kunne lære seg å prate flytande spansk. Eg må uansett halde på spansken, på ein eller annan måte.

Slik. Så fekk eg skrive litt på nynorsk. Det skadar jo ikkje.

Ingvild

(Bilete er frå eit prosjekt vi hadde i norskfaget i vg1)